Lovleg, sesong 1

Broadcaster:
nrk, nrk-tv
Sesonger:
2
Startet:
2018

Lovleg er ein nettserie som følger Gunnhild på sin reise gjennom hybelliv, kjærleik, vennskap og jakta på velvalte samtalemner på passande tidspunkt.

Gunnhild er 15 år og klar for å flytte heimefrå. Etter ein oppvekst prega av stillstand og åleinetid er ho klar for å leggje sitt gamle eg bak seg i Høyanger og ta fatt på ungdomstida på Firda VGS i den vakre vestlandsbygda Sandane. Ho flyttar inn i eit stort hybelhus styrt av tenåringane Sara, Peter og Alex. Det krasjlandar ho i ei slags vaksenverd og lærer fort at den nye starten ikkje er så enkel som ho hadde håpa på.

Ho kjempar seg gjennom ein jungel av praktiske og sosiale utfordringar, og prøver så godt ho kan å balansere nye vennskap, kjærleik, festing, skule, fridom og ansvar. Etterkvart som tabbane blir fleire og utfodringane større, innser ho at livet ikkje kan levast åleine, og at det er sårbarhet som samlar menneskjer.

Litt etter litt lærer Gunnhild å kjenne seg sjølv og sambuarane – ein feil av gangen.

Det kreative teamet bak Lovleg:

Skrevet av: Kjersti Wøien Håland
Regissert av: Harald Mæhle Jr og Caroline Johansen